torsdag 24. november 2011

Kva er ei god bok?




Det finst tallause definisjonar av kva som er ei god bok. Samtidig kan ein nok slå fast at det er ein stor variasjon av bøker som kan plasserast innanfor denne kategorien. Etter mi meining bør gode bøker innehalda spenning, drama, eit snev av humor og ikkje minst; god setningsoppbygging. Med god setningsoppbygging får forfattaren god kontakt med lesaren, og då er det rimeleg lett å binda lesaren til boka. Har ein først fått lesaren interessert er det lett å fortsetja.
                                                                  
Vidare er det ekstremt viktig at forfattaren klarar å halda på spenninga gjennom heile historia, og kanskje bygge opp spenninga ettersom historia nærmar seg eit vende- eller toppunkt. Mi meining er at spenning og action er viktige ingrediensar for å få merksemda til lesaren. Det er kanskje den viktigaste delen!

Boka "De som arver jorden" har både spenning og ekstremt god setningsoppbygging, og dette gjer at eg har fått eit veldig bra inntrykk av både boka og Ruben Eliassen som forfattar. Boka er profesjonelt skrevet samtidig som ho inneheld det litle, umoralske som gjev romanen den ekstra piffen. Eg meiner og at noko som gjer denne romanen så bra, er den usminka skrivinga og forfattaren sitt forsøk på å visa den harde og kalde sida av samfunnet. Hovudpersonen Sean er berre heilt fantastisk godt beskrevet, som ein hard og kjenslelaus politimann på permisjon. Han endrar seg etter kvart, og han endrar seg ikkje berre litt; heile tankegangen til Sean endrar seg og han avsluttar som ein sympatisk, godhjarta og omtenksam person.


Denne boka passar nok best for personar frå rundt 15 år og oppover. Eg trur ikkje det er noko øvre aldersgrense for å lesa denne boka ettersom ho er så modent skrevet. Passar for dei fleste!





søndag 20. november 2011

Oppbygning og forteljarmåte


Eg har no kome eit godt stykke i boka ”Dei som arvar jorda” og eg byrjar å få ulike signal om kva for sjanger som passar denne boka mest. Noko som falt meg inn veldig tidleg var at denne romanen er ein krimroman. Eg har enno ikkje funne noko som kan motbevise dette. 

Boka kan nok også plasseras innanfor sjangeren action, fordi gjennom heile boka spiller forfattaren på actionfylte augneblink og nokre hendingar som gjer at du bare må lesa meir. Samtidig kan dette vera ein avslappande og behageleg roman som ein kan nyte framfor peisen ein kald laurdagskveld.

Komposisjonen i denne romanen er ganske bra. Ein merkar tydeleg når romanen byrjar og når den sluttar, sjølv om høgdepunktet ikkje er så tydeleg. Romanen startar ganske langsamt og spenningen tar seg opp litt utover i boka og den siste halvdelen av boka får deg til å sitja heilt ytst på stolen mens du les som ein gal.

Romanen er skrevet i første person og en får gjennom heile boka eit innblikk i korleis det er for hovudpersonen mens han møtar motstand og utfordringar frå alle kantar. Tankane hans om dei menneska som står han nærast, og dei som ikkje er fullt så nær han.


onsdag 9. november 2011

Personkarakteristikk "Dei som arvar jorda".


Hovudpersonen i boka ”Dei som arvar jorda” heitar Sean. I byrjinga av boka opptrer Sean som ein tøff, egoistisk og hjartelaus politimann som etter ein skotskade ikkje verkar å ha medfølelse med nokon ting. Her er eit utsnitt frå boka:


Jeg sa ingenting. Ikke kunne jeg ta en røyk, ikke kunne jeg ta en øl engang, og jeg var iført en hvit nattskjorte med splitt opp til nakken. Og så fikk jeg faen meg ikke banne heller”.


Han verkar tidleg i romanen å ha eit ganske anstrenga forhold til familien sin. Han snakkar aldri med faren sin, sett bort frå dei få gongene i året han tar han med på ein spasertur. Hellar ikkje då snakkar dei noko serleg med kvarandre.
Sean verkar å ha få vennar, utanom eit par gamle klassekameratar som ringjer og lurar på korleis det går med han.

Han er far. Sjølv om Sean ikkje innrømmer det med det fyrste trekkjer forfattaren tydeleg fram farskapet utover i boka. Mora til ungen hans kjem ofte på besøk mens han ligg på sjukehus, men han skyver dei bort og vil helst ikkje ha noko med guten å gjer.

Vidare utover i romanen byrjar hovudpersonen å varta meir oppmerksam på verda og menneska rundt han. Han vert tydeleg meir følsam. Dette kan ein kalle ”ein dynamisk person” ettersom hovudpersonen endrar seg gjennom historia

torsdag 27. oktober 2011

Velkommen!

Hei!
Velkommen til bloggen min.
Dette er ein norskblogg, og alt eg skriver her skal handle om norskfaget.

For det fyrste skal vi lese og anmelde ein roman. Eg har valt boka "De som arver jorden" av Ruben Eliassen. Dette er ein krimroman som er utgjeven i 2011. Boka er på totalt 247 sider.