torsdag 24. november 2011

Kva er ei god bok?




Det finst tallause definisjonar av kva som er ei god bok. Samtidig kan ein nok slå fast at det er ein stor variasjon av bøker som kan plasserast innanfor denne kategorien. Etter mi meining bør gode bøker innehalda spenning, drama, eit snev av humor og ikkje minst; god setningsoppbygging. Med god setningsoppbygging får forfattaren god kontakt med lesaren, og då er det rimeleg lett å binda lesaren til boka. Har ein først fått lesaren interessert er det lett å fortsetja.
                                                                  
Vidare er det ekstremt viktig at forfattaren klarar å halda på spenninga gjennom heile historia, og kanskje bygge opp spenninga ettersom historia nærmar seg eit vende- eller toppunkt. Mi meining er at spenning og action er viktige ingrediensar for å få merksemda til lesaren. Det er kanskje den viktigaste delen!

Boka "De som arver jorden" har både spenning og ekstremt god setningsoppbygging, og dette gjer at eg har fått eit veldig bra inntrykk av både boka og Ruben Eliassen som forfattar. Boka er profesjonelt skrevet samtidig som ho inneheld det litle, umoralske som gjev romanen den ekstra piffen. Eg meiner og at noko som gjer denne romanen så bra, er den usminka skrivinga og forfattaren sitt forsøk på å visa den harde og kalde sida av samfunnet. Hovudpersonen Sean er berre heilt fantastisk godt beskrevet, som ein hard og kjenslelaus politimann på permisjon. Han endrar seg etter kvart, og han endrar seg ikkje berre litt; heile tankegangen til Sean endrar seg og han avsluttar som ein sympatisk, godhjarta og omtenksam person.


Denne boka passar nok best for personar frå rundt 15 år og oppover. Eg trur ikkje det er noko øvre aldersgrense for å lesa denne boka ettersom ho er så modent skrevet. Passar for dei fleste!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar